Gjeldande kommuneplan 2011-2021

Kommunen skal ha ein samla kommuneplan som omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel.

Kommunen har sidan kommunesamanslåinga arbeidd med ein ny felles kommuneplan.

Samfunnsdelen (del1 (PDF, 8 MB) og del2 (PDF, 5 MB)) blei vedtatt i 2007. Den legg blant anna føringar for kva andre planar som skal bli utarbeidd, sjå under kommunedelplan.

Arbeidet med ny arealdel til kommuneplan har vore ein svært arbeidskrevjande prosess både på grunn av samanslåing av to kommunar og ny plan-og bygningslov med omfattande endringar.

Arealdelen til kommuneplanen for Vindafjord kommune 2011-2021 blei vedtatt i kommunestyret 08.02.11, med siste endring 19.03.13.

Kommuneplanen ligg òg digitalt på Fonnakart og i Planinnsyn. Planinnsyn har knytt til seg alle vedtaksdokument i eige planregister og er òg knytt til sakssystemet med alle dokumenta i saka.

Kommunedelplan
Kommuneplanen legg føringar om kommunedelplanar som må bli utarbeidd. Vi har utarbeidd fleire kommunedelplanar og jobbar blant anna med kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø.

Energi- og klimaplan 2010-2015 (PDF, 5 MB) - Vedtatt i kommunestyret 13.04.2010

Landbruksplan 2010-2014 (PDF, 3 MB) - Vedtatt i kommunestyret 13.04.2010

Kommunedelplan idrett friluftsliv og kulturbygg 2011 - 2014 - Årleg rullering

Sist endra 11.05.2015
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Kristian Birkeland
Rådmann
E-post: Send epost
Login for redigering