Kommuneplan for Vindafjord kommune 2016-2028 - under arbeid

Formannskapet i Vindafjord vedtok i møte 09.02.2016, i medhald av plan- og bygningslova §§ 5-2 og 11-14, å legge forslag til kommuneplan for Vindafjord kommune 2016-2028 ut til høyring og offentleg ettersyn. Høyringsperioden var 14 mars 2016 - 13 mai 2016.

Planforslaget er utarbeida med bakgrunn i planprogram fastsett av Vindafjord kommune 30.10.2012. Planforslaget inneheld ein samfunnsdel og ein arealdel.

Samfunnsdelen omhandlar viktige utviklingstrekk i Vindafjord kommune  og dei tre satsingsområda «levande bygder», «handlekraft» og «berekraftig arealforvaltning». Denne del av planen tar stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunen som samfunn og organisasjon.

Arealdelen består av ein kartdel som viser disponering av kommunen sine areal med føresegner og retningslinjer, og ein utfyllande tekstdel (planskildringa) med konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse.  I denne planrevisjonen har fokus vore på arealformåla: bustad, næring og sentrum, i samsvar med vedteke planprogram.

Under handsaming av planforslaget vedtok formannskapet nokre endringar i rådmannen sitt forslag til arealdisponeringar og nokre heilt nye. Desse forslaga har administrasjonen gjennomført konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse for. Forslaga blir sendt på høyring i samsvar med formannskapet sitt vedtak.

Dokument er lagt ut
Alle dokument er lagt ut på Rådhuset i Ølen og Teknisk Bygg i Sandeid. Kart og dokument er også tilgjengeleg her på nettsida til kommunen, følg linkane under.

Kontaktinformasjon
Spørsmål som gjeld samfunnsdelen kan rettast til Ingrid Johannessen, tlf 53656123 eller e-post ingrid.johannessen@vindafjord.kommune.no.  Spørsmål som gjeld arealdelen kan rettast til Sissel Aarvik, tlf 53656136 eller e-post sissel.aarvik@vindafjord.kommune.no

Dokument i saka

Kartløysing
I planprosessen nyttar kommunen PlanGis som er eit kartverktøy for digital plankommunikasjon. PlanGis gjer det lettare å lese plankartet. Brukarrettleiing og lenke til PlanGis finn du nedanfor. I PlanGis er areal som er endra, vist som grøne areal. Ved å klikke på dei grøne områda og «meir informasjon» kan du sjå verdivurdering, konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) for dei områda som formannskapet har vedteke å sende på høyring. Tilsvarande finn du ved å klikke på dei raude firkantane, rådmannen si grunngjeving for ikkje å ta med desse innspela i planforslaget.

Link til kartløysinga

Aktuelle utgreiingar som ligg til grunn for kommuneplanen:

Sist endra 07.11.2016
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering