Nye utleigebustader

Komunevåpen - Klikk for stort bilete

Det vert søkt om utleigebustader i Vindafjord for tilvisingsavtale med Vindafjord kommune og finansiering gjennom Husbanken.

Bustader av alle storleiker, og i alle bygder, er av interesse.

Vindafjord kommune ønskjer å inngå tilvisingsavtale med ein eller fleire utbyggjarar. Tilvisingsavtala gir Vindafjord kommune rett til å tilvisa bustadsøkjarar for leige av bustadene som er omfatta av avtala. Huseigar inngår deretter leigekontrakt med bustadsøkjarane.

Ved prosjekt for nybygg eller ombygging kan det søkjast om grunnlån i Husbanken. For nærare informasjon om tilvisingsavtale og grunnlån, sjå www.husbanken.no. Bustadene skal ha ein kvalitet/standard som tilfredsstillar Husbanken sine krav. Ta kontakt med Husbanken for å sikra at prosjektet fyller krava.

Ved val mellom prosjekt vil ein leggja vekt på husleigenivå, ferdigstillingstidspunkt, plassering og plan for forvalting/bumiljø. Utbyggjar kan tilby leilegheiter i fleire prosjekt og må sjølv skaffe tomt til prosjekta. Plassering og planer for utvikling av tomta må visast på situasjonsplan.

Interessentar vert beden om å senda prosjektutgreiing til
Vindafjord kommune v/Bustadkontoret
Rådhusplassen 1
5580 Ølen.

Tilbod vil bli vurdert fortløpande. All innsendt dokumentasjon frå tilbydarar vil verte handsama konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.

For nærare informasjon, ta kontakt:

Bustadkontoret v/Avdelingsleiar Mali Hjemdal, 53 65 65 64, e-post: mali.hjemdal@vindafjord.kommune.no

Samfunnsutviklar Erik Baust, 53 65 65 65, e-post: erik.baust@vindafjord.kommune.no

Sist endra 15.09.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering