Ølen, Eiodalen - Varsel om oppstart av reguleringsarbeid

I høve plan- og bygningslova § 12-8 blir det kunngjort oppstart av privat detaljreguleringsplan for Eiodalen, et areal som ligg sørvest for krysset E134 – Fv. 514 Sandeidvegen, i Ølen – Vindafjord kommune. Varslet gjeld eigedommane gnr. 282 bnr. 40, 58, 92, 99 mfl.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for oppføring av forretningsbygg med tilhøyrande trafikkløysningar for all type trafikantar.

Arealet er avsett som sentrumsformål i kommuneplanen, og som erverv i gjeldande reguleringsplan.

Då planarbeidet følgjer rammer som er sett i kommuneplanen, så har Vindafjord kommune vurdert tiltaket til ikkje å ha vesentleg verknad for miljø og samfunn, jfr. plan- og bygningslova §§ 4-1 og 4-2. Det vil ikkje bli utarbeida planprogram og konsekvensutgreiing.

Eventuelle innspel til oppstart av planarbeid skal sendast til arkitektkontoret innan 02.01.2018.

Ytterlegare opplysningar kan ein få ved å vende seg til:
Arkitektkontoret BREKKE HELGELAND BREKKE AS
Pb 29, 5501 HAUGESUND
Tlf 52 70 08 10, mail: m.fagelklo@abhb.no

 

 

Sist endra 17.11.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering