Trovåg, utviding av settefiskanlegg - Høyring

Bremnes Seashore AS avdelings Trovåg søkjer om løyve til utviding av settefiskanlegget ved lokalitet Trovåg 13637 ved Ålfjorden

Settefiskanlegget ved lokalitet Trovåg 13637 er i kommuneplanen merka av som næringsområdet, det er også utarbeida ein eigen reguleringsplan for området.

Trovåg settefisk ynskjer å utvide til ein årsproduksjon på 6000 tonn biomasse. Trovåg settefisk har eit utsleppsløyve for ein årleg produksjon på 2.850 tonn biomasse. Grunna auka etterspurnad av postsmolt ynskjer dei å utvida til 6000 tonn biomasse. Ved utvidinga vil ein nytta RAS- teknologi (resirkuleringsteknologi for gjenbruk av vatn) dette vil gje eit gjenbruk av vatnet på om lag 95-99%. Utsleppsleidninga vil bli flytta frå 100m til 200m frå land og frå 35m til 55m djup.

For ytterligare opplysningar om tiltaket, sjå vedlagt detaljregulering, kart, planar, rapportar for miljøtilstanden i området, strandsoneundersøking og straummålingar.

Etter paragraf III i forskrift om konsekvensutredning skal fagmyndigheitene for dei respektive kriteria vurdera om tiltaket vil få vesentlege verknader innanfor sit området og melde desse til fylkeskommunen.

Søknad med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn på Vindafjord Kommune si heimeside www.vindafjord.kommune.no, på Teknisk Bygg i Sandeid og Servicetorget i Ølen, i norsk lysingsblad, grannar og Haugesund Avis.

Eventuelle merknader og innspel må sendast skriftleg til Vindafjord Kommune, Areal og Forvaltning, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid, innan 06 mai 2017.

Spørsmål kan rettast til Bremnes Seashore AS ved Driftsleiar Øyvind Haraldseid, tlf. 907 72220 og utviklingssjef Geir Magne Knutsen, tlf. 918 33233

Sist endra 05.04.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering