Kontorjustering av eigedomsskatt

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete

Kommunestyret har i møte den 19.12.2017 vedteke ei kontorjustering av eigedomsskattegrunnlaget  på fast eigedom i Vindafjord kommune med verknad frå 01.01.2018 med 3,5 %, jf eigedomsskattelova  § 8 A-4 (1). 

 

Ein tek sikte på å starte førebuing til ny alminneleg taksering i kommunen i løpet av økonomiplanperioden 2019 - 2021.

Bakgrunn:
Eigedomsskatt for verk og bruk blei innført i Vindafjord kommune i 2007. I 2010 vart ordninga utvida til å gjelde all eigedom i kommunen. Det er eit krav om at eigedomsskattegrunnlaget for ei gruppe skal vera lik for heile kommunen. All eigedom som er underlagt eigedomsskatt i Vindafjord er vedteke på bakgrunn av opphavelege 2007-verdiar. Dette sikrar lik handsaming i perioden frem til neste alminnelege taksering.

Eigedomsskattegrunnlaget byggjer på ein sjablong, der ein tek utgangspunkt i areal, alder og bygningstype, og reknar seg fram til eit eigedomsskattegrunnlag ved hjelp av ein stipulert kvadratmeterpris.

Eigedomsskattelova pålegg som hovudregel kommunar som har innført eigedomsskatt ei omtaksering kvart tiande år. Omtakseringa kan forskyvast i tid, men ikkje ut over tre år, jf. eigedomsskattelova § 8 A-3 (2). Som unntak til hovudregelen følgjer det av § 8 A-4 at kommunen i staden for kan foreta ei kontormessig oppjustering av gjeldande satsar etter utløpet av 10-års fristen.

Ei retaksering eller ei kontorjustering vil omfatte all fast eigedom i kommunen. Dette har samanheng med at omtaksering må omfatte all eigedom, og kan ikkje skje til forskjellige tider i ulike delar av i kommunen.

Kontortakst/kontorjustering ihht. eigedomsskattelova § 8 A-4.
Som unntak til hovudregelen om retaksering etter utløpet av 10-årsfristen, kan kommunestyret velge å foreta ei kontormessig oppjustering av gjeldande takstar, jf. eigedomsskattelova § 8 A-4. Ved ein kontortakst vil kommunestyret gjera vedtak om å auke eigedomsskattegrunnlaget som vart vedteke ved den siste allmenne takseringa for utskriving av eigedomsskatt. Ein auke i form av kontortakst kan skje over fleire år, men må ikkje vera på meir enn 10 pst. av det opphavelege  skattegrunnlaget for kvart år etter 10-årsfristen for den siste allmenne takseringa. I og med at eigedomsskattegrunnlaget skal være likt for heile kommunen gir dette også ny fastsetjing av eigedomsskattegrunnlaget for heile kommunen. Kommunar som føretek alminneleg taksering for mindre enn ti år sidan kan foreta kontorjustering av all eigedom når dei eldste takstane passerer tiårsregelen, forutsatt at takstane har same nivå som ved alminnelig taksering for min. 10 år tilbake.

Kommunen kan velge å foreta kontorjustering eller retaksere i år 11, 12 og 13, eller la opphavelege takst stå urørt i desse åra. I år 14 må ein foreta ei retaksering av eigedomsskattegrunnlaget.


Eigedomsskatt for verk og bruk blei innført i 2007, og det må derfor kommunen foreta ei ny alminneleg taksering seinast i 2021.

 

Kunngjering om utlegging av eigedomsskattelistene

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert eigedomsskatteliste lagt ut til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 20.02.2018.

Lista viser dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedoms-skattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp. Skattelista blir lagt ut på servicekontoret. I tillegg vert den publisert på kommunens internettside

 

Klageadgang

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan leggas fram kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidligare år. Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå skattelistene vert lagt ut. Klage kan sendes Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen eller eigedomsskatt@vindafjord.kommune.no

 

 

 

 

 

Sist endra 01.02.2018
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering