Fakta om Vindafjord kommune

Vindafjord kommune er ein kommune på 620 km2 som ligg på halvøya Haugalandet i Nord Rogaland.
 

Skiltet som seier at du no er i Rogaland Fylke og Vindafjord Kommune - Klikk for stort bilete

Kommunen grensar til Tysvær, Suldal og Etne. Frå sjøsida grensar Vindafjord mot Sveio, Stord og Kvinnherad. Namnet Vindafjord kjem frå «Vindafjorden», fjorden som dannar den sørlige grensa mot Suldal.

Vindafjord kommune og Ølen kommune vart slått saman til Vindafjord kommune frå 01.01.2006. Kommunesenteret er i Ølen, men kommunale tjenester ligg også i Sandeid. I kvar av dei 9 bygdene er det grunnskule, SFO og barnehage.

I 2015 vart det 8 765 innbyggarar fordelt på desse 9 bygdene: Vikebygd, Bjoa, Skjold, Vats, Vikedal, Sandeid, Imsland, Ølensvåg og Ølen. Kommunehuset ligg i Ølen, og kommunen har eit svært samansett næringsliv, hovudsakeleg basert på industri, landbruk og tenesteytande næring. Vindafjord er den 5. største landbruks-kommunen målt etter husdyrhold.

I Vindafjord har mange aktivitetar og sjåverdighetar. Her finn du ein fin natur med fjell og fjordar, der du kan gå tur, bade, fiske.

Dei tre høgste fjella i Vindafjord:

  1. Bjørndalsnuten (1016 moh.)

  2. Høgenut (967 moh.)

  3. Gullvassnuten (954 moh.)

Ølensvåg er den største bygda i Vindafjord, målt i antal bedrifter. Her finn du: Ølen Betong, Westcon, Omega, Granberg Garveri og Berge Sag & Trelast.

Kommunen har 2 sjukeheimar, Ølen omsorgssenter som ligg i Ølen, og Vindafjordtunet som ligg i Vats. I Ølen, Skjold og Vikedal finn du legekontor.

2010 - Klikk for stort bilete
Sist endra 22.12.2015
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Service- og fellestenester
Login for redigering